Uttale vedr bruk / vern frå styret i Oppland Arbeiderparti

Oppland Arbeiderparti helsar lokal forvalting av verna område velkomen, men vil be Stortingspolitikarane bidra til å rydde opp i rollene mellom SNO og lokalt fjellopp slik at tenester i større grad kjøpast av lokale fjellstyre. Lokal kunnskap om fjellet er viktig i både oppsynsverksemd, skjøtsel og tilrettelegging. Oppland Arbeiderparti vil be om større ressursar til skjøtsel og tilrettelegging for å auke folk sin tilgang til dei verna områda og å møte Riksrevisjonen sin kritikk.

Oppland Arbeiderparti er godt fornøgde med dei merknadene Miljø- og energikomiteen har vedteke til Statsbudsjettet for 2010. Prinsippa rundt lokal forvalting av verna område er stadfesta, noko som er i tråd med lokale initiativ i Opplandskommunane.

Komiteen understrekar at vedtaksmynde skal ligge til verneområdestyret, og at forvaltaren skal vere sekretær og bidra med kunnskap. Oppland Arbeiderparti meiner dette er ei viktig presisering for at den lokale forvaltinga skal vere reell og auke medverknad og engasjement lokalt og regionalt.

Oppland Arbeiderparti meiner kritikken frå Riksrevisjonen om mangel på skjøtsel av dei verna områda i Norge må møtast med auka ressursar til skjøtsel og tilrettelegging over statsbudsjettet til verneområdestyra. Det svekkar vernet at ressursane er for små, og det er uhaldbart ikkje å ha forutsigbare verkemiddel frå år til år. Å måtte søkje prosjektmiddel frå DN og SNO verkar for tilfeldig og uforutsigbart, og forvaltinga vil ikkje opplevast som reell.

Det er også gjort merknad frå komiteen på oppsyn og tenestekjøp. Det er lite effektiv ressursbruk at SNO og det lokale fjelloppsynet driv parallelt oppsyn og kontroll. Oppland Arbeiderparti meiner departementa no må rydde i rollene og gjere det gjentakne stortingsmerknader har sagt, å bestille tenester lokalt. I forvaltinga av utmarka er det viktig med lokal kunnskap om fjellet, samt å ivareta dei lokale arbeidsplassane og kompetansen det lokale fjelloppsynet representerer. Til no har SNO fått auka sine ressursar, og det lokale oppsynet har måtta innskrenke. Oppland Arbeiderparti ber Stortingspolitikarane setje av øyremerka midlar på Statsbudsjettet for 2011 til slikt tenestekjøp og instruere SNO til å inngå avtaler med lokale kompetansemiljø og fjellstyre.

28.01.2010

Utskriftsvennlig versjon
Emneord: Ingen søkeord.


Kontakt Oppland Ap

Telefon 61 18 79 75

oppland@dna.no



Nyhetsbrev fra Oppland Ap

Meld deg på her:




Møt Arbeiderpartiet på YouTubeMøt Arbeiderpartiet på FacebookMøt Arbeiderpartiet på flickrMøt Arbeiderpartiet på VGBlogg
AUF